GRAVFERDSBYRÅ FOR VOSS OG NABOKOMMUNANE
Døgnopen telefonvakt: 56 51 11 94
Gravferdsbyrå for Voss og nabokommunane
Når ein av våre næraste døyr er mange spørsmål som melder seg.
I ei vanskeleg tid vil gravferdsbyrået hjelpa med å informera, svara på spørsmål og gje oversikt over praktiske gjeremål og kva ein må ta stilling til rundt gjennomføring av seremoni og kontakt med offentlege myndigheiter.
Våre tilsette vil sørgja for å informera om kva moglegheiter som finnes, kva val ein kan gjera og tilretteleggja gjennomføringa slik at seremonien vert personleg og slik ein ynskjer.
Våre tilsette har lang erfaring og kan hjelpa til med at praktiske tinga vert ivaretekne på ein korrekt og verdig måte.
Ring oss på 56511194, telefonen er tilgjengeleg heile døgeret, heile året.
Informasjon
Stønadsordningar, arv og skifte, forsikringar, personlege ynskjer ved gravferd.
Informasjon
Stønadsordningar i samband med dødsfall
Du kan ha rett til ei eller fleire av desse ytingane:
- Behovsprøvd gravferdsstønad og stønad til båretransport
- Pensjon eller overgangsstønad til gjenlevande ektefelle, partnar eller sambuar
- Pensjon til gjenlevande skild ektefelle, partnar eller sambuar
- Stønad til barnetilsyn, utvida barnetrygd, utdanningsstønad, tilskot til flytting for å komme i arbeid
- Barnepensjon
- Pensjon eller overgangsstønad til tidlegare familiepleiar
Du kan kontakta NAV om du treng råd eller opplysningar om kva slags ytingar du har rett til.
- Gravferdsstønad. Når eit medlem i folketrygda døyr, vert det ytt behovsprøvd gravferdsstønad som skal gå til å dekkja faktiske, naudsynte utgifter til gravferda. Stønaden dekkjer ikkje utgifter til privat minnesamvêr etter gravferdsseremonien. Dersom avdøde var over 18 år, vert stønaden avkorta mot formue, tjenestepensjon som vert utbetalt til månaden etter dødsfallet, forsikringsbeløp, støtte frå fagforeining og liknande som vert utbetalt som fylgje av dødsfallet. Gravferdsstønad vert gjeve utan behovsprøving dersom avdøde var under 18 år. Me vil kunne hjelpe deg med søknad om stønad til behovsprøvd gravferdsstønad.
Frå 1. januar 2023 kan det gjevast maksimalt 26 999,- til å dekkja faktiske og naudsynte utgifter til gravferda. Om avdøde var ugift vert stønaden redusert med formue, tenestepensjon, forsikringsbeløp eller liknande som vert utbetalt månaden etter dødsfallet. Om avdøde var gift vert stønaden redusert med summen av ektefellens finansformue og forsikringsbeløp utbetalt som fylgje av dødsfallet etter eit fribeløp tilsvarande full gravferdsstønad er trukke ifrå.
Har avdøde vore medlem i ein fagorganisasjon, kan det vere lurt å kontakte denne. Dei fleste fagorganisasjonar har ei ordning med gravferdsstønad for sine medlemer. For å få beløpet utbetalt, må ein vanlegvis levere skifte- eller uskifteattest. Vêr merksam på at det i enkelte organisasjonar er ein foreldesfrist på tre månader for å krevje gravferdsstønad. Me kan hjelpe deg med denne søknaden.
- Stønad til båretransport. Når eit medlem i folketrygda døyr i Norge og båra med den avdøde må transporterast over en strekning som er lengre enn 20 km, vert naudsynte utgifter til transport (ut over ein fastlagt eigenandel), dekka. Det vert berre ytt stønad til transport til næraste naturlege gravplass ved den avdødes bustad, inkludert transport i samband med kremasjon. Eigenandelen ved stønad til båretransport må betalast sjølv om avdøde var under 18 år.
- NAV Sosiale tenester. I den fyrste tida etter dødsfallet vil utgiftene vere omtrent dei samme for gjenlevande ektefelle som før, og det tek gjerne tid før utbetalingane kjem frå til dømes folketrygda og forsikringsselskapa. Etterlatt ektefelle, som av forskjellige grunnar ikkje klarer å betale sine utgifter, og som forøvrig fyller vilkåra etter Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, kan søkja om stønad. Ditt lokale NAV-kontor kan hjelpa deg med opplysningar, råd og vegleiing om korleis du skal gå fram. Hjelpa kan verta gjeve som bidrag eller i unntakstilfelle som lån. Skjema for søknad om dei ulike støtteordningane vert ikkje sendt ut automatisk, du må sjølv kontakte ditt lokale NAV-kontor.
Meir informasjon finn du hjå NAV ved å trykkje her, samt hjå Lovdata under "Lov om folketrygd" ved å trykkja her.
Arv og skifte av buet
Melding om skifte eller uskifte
Etter eit dødsfall må arvingane avklara ansvaret for avlidnes gjeld og i kva grad buet skal delast opp eller ikkje, altså om det skal gjerast eit skifte av buet. Det bør då avklarast om avlidne har etterlate seg eit testamente som krev skifte eller ein spesiell fordeling av arven. Testamente vert ofte oppbevart blant personlege dokument og eigedelar i heimen, i bankboks, hjå advokat eller i tingretten. Dersom testamentet vert oppbevart i tingretten, vil dette koma fram ved registrering av dødsfallet.
Når spørsmålet om skifte er bestemt, må ein melda frå om dette til tingretten. Dette skjer ved utfylling av eit eige skifteerklæringsskjema som skal sendast tingretten. Skjema må underteiknast av alle dei arvingane som overtek gjeldsansvaret. Ein finn skjema her.
Meldinga må sendast innan 60 dagar etter dødsfallet. På bakgrunn av informasjonen som kjem fram i meldinga, skriv tingretten ut ein skifteattest eller uskifteattest til dei etterlatne.
Du treng skifteattest for å kunna legitimera deg som rette arving, og for å kunna ordne det praktiske i samband med buoppgjeret. Dersom de er fleire arvingar, må den som påtek seg skifteoppgjeret hugsa å få fullmakt frå dei andre arvingane. Ein skifteattest gjev deg òg tilgang til formua som avlidne etterlot seg, og er naudsynt for at du for eksempel skal kunna disponera eller seia opp avlidnes bankkonto eller anna som kan vera sperra etter dødsfallet. Dersom avlidne etterlot seg eigedom, treng du skifteattest for å setja i gang sal eller overføra heimel. Eigedomsmeglar kan korkje selja eller tinglysa heimselsovergang av eigedomen før det føreligg ein skifteattest.
Det er nyttig å ta kopi av skifte- eller uskifteattesten til eventuelt seinare bruk.
Ulike former for skifte
Det finnast tre hovedformer for skifte: uskifte, privat skifte og offentleg skifte. Ved spørsmål om arv og skifte, eller trong for rettleiing, kan tingretten i det distriktet der avlidne budde kontaktast. Du kan også finna informasjon her.
Uskifte
Etter arvelova vil gjenlevande ektefelle ofte ha rett til å la væra å skifta etter ektefellens død, og i staden behalde dødsbuet «i uskifte». Dette betyr at heile skifte av dødsbuet mellom gjenlevande ektefelle og buets andre arvingar vert utsett til seinare. Ved uskifte får gjenlevande ektefelle i mellomtida behalda dødsbuet til fritt rådvelde. Uskifte vil som regel innbefatta alt kva gjenlevande ektefelle og avdøde ektefelle hadde i felleseige, og alt kva gjenlevande ektefelle skaffar eller sparar opp som formue i tida fram til buet skal skiftast.
Særskild yngre gjenlevande ektefeller må vera klar over at det i det lange løp ikkje alltid vil vere nokon fordel med uskifte, grunna ein auke av formua i uskiftetida seinare må delast likt med den avlidne ektefellens arvingar (f.eks ved inngåing av nytt ekteskap eller sambuarforhold). Den gjenlevande kan auka formua gjennom inntektsgjevande arbeid, ved arv eller på anna vis.
Hvis den avlidne hadde born fra tidligare ekteskap, må desse samtykka i at buet skal bli verande uskifta. Er desse borna umyndige, må ein innhenta Statsforvaltarens (overformynderiets) samtykke, eventuelt setteverje. Setteverje er verje som vert oppnevnt for umyndige personar, når den eigentlege verja er inhabil eller mellombels forhindra fra å ivareta oppgåvene/ansvaret som verje. Ved eit dødsfall skal det oppnevnast setteverje som ikkje er i slekt med gjenlevande ektefelle. Statsforvaltaren kan her vera behjelpeleg med meir informasjon.
Dersom fellesbuet skal skiftast ved dødsfallet eller seinare, for eksempel ved at ein gifter seg igjen, vil den gjenlevande ektefellen fyrst ha krav på halve fellesbuet som eigen eigedom. Av den andre halvpart (dødsbuet) vil ektefellen ha krav på 1/4 dersom det er felles- eller særkullsborn i ekteskapet. Dersom det ikkje er born i ekteskapet, men kun foreldre, deira born og barneborn, arvar ektefellen halvparten av dødsbuet. Er det ingen arvingar som nevnt ovanfor, arvar ektefellen alt. Ektefellens minstearv utgjer fire gonger folketrygdas grunnbeløp (forkorta G) dersom avlidne etterlet seg born, ellers seks gonger folketrygdas grunnbeløp. Med unntak av minstearven kan arveretten fråtakast ektefellen ved testamente som ektefellen er gjort kjent med før dødsfallet. (Det fins samstundes mange unntak frå regelen om likedeling av fellesbuet, for eksempel gjennom ektepakt og reglane om skeivdeling, kontakt tingretten for veiledning.)
Privat skifte
Det er vanleg i dag at arvingane skiftar eit dødsbu privat. Ved eit privat skifte påtek ein eller fleire av arvingane seg gjeldsansvaret etter avlidne. Det betyr at arvingane i buet innan 60 dager etter dødsfallet, har overtatt personleg ansvar for all gjeld avlidne etterlot seg, og påtek seg å gjennomføra skifte. Etter 60 dager er det nok at ein eller fleire arvingar påtek seg gjeldsansvaret. Dersom du har fått ein skifteattest for privat skifte etter skiftelova § 78, vil det vere nokon som har overtatt fullt og solidarisk ansvar for avlidnes gjeld. Dette betyr at dersom avlidnes gjeld er større enn formua, må dei som har tatt på seg seg gjeldsansvaret sjølve dekka underskotet. Er nokon av arvingane umyndige, må deira verje samtykka i privat skifte. Om ynskjeleg kan advokat vera behjelpeleg med skiftet.
Var avlidne gift eller sambuar, må eventuell ektepakt eller samlivsavtale leggjast fram. Har ektefellene særeige- eller skeivdelingsmidlar må formua og gjelda delast mellom partane. Gjenlevande ektefelle sine eigendelar (felleseige) og gjeld vert trekt inn i delinga. Etter delinga har ein skilt ut dei eigendelar og den gjeld som utgjer avlidnes dødsbu. Skiftelova § 78 finn du her.
Offentleg skifte
Dersom det er vanskeleg å få gjennomført eit privat skifte, kan einkvar arving krevja offentleg skifte, det vil seia at tingretten har ansvaret for bubehandlinga, altså fordelinga av verdiar den avlidne etterlet seg. Tingretten oppnevner då som regel ein advokat som bubestyrar til å ta seg av bubehandlinga. Kostnadane til dette vert belasta dødsbuet. Skiftekostnadane ved salær til bubestyraren, rettsgebyr, utgifter til takstar m.m, kan verta ein relativ stor utgiftspost for dødsbuet. Den som krev offentleg skifte må difor stilla sikkerheit for bubehandlinga, med mindre det føreligg nok sikkerheit i buet. For informasjon om beløpets størrelse, vert det anbefalt å kontakta tingretten.
Som hovedregel må eit krav om offentleg skifte koma frå ein arving. Offentleg skifte må krevjast før ein har avtalt eller på ein annan måte har avgjort korleis buet skal gjerast opp. Skiftelova § 88 bestemmer at dersom det oppstår tvil om kven som er rette arving i ei dødsbu, kan retten bestemma at buet skal skiftast offentleg inntil spørsmålet er avgjort. Dette gjeld også etter at buet er overtatt til privat skifte.
Skiftelova § 88 finner du her.
Ved offentleg skifte vil bubestyraren utarbeida eit forslag til fordeling (utlodning) av arven til arvingane. Arvingane har i forkant fått frist til å koma med anmerkningar til bubestyraren sitt forslag. Det er retten som skal avseia den endelege utlodninga.
Arv og gåver
Stortinget har vedtatt å fjerna arveavgifta frå 1. januar 2014. Det skal ikkje betalast arveavgift for arv og gåver når dødsfallet har skjedd eller gåva er ytt etter 31. desember 2013. Det skal heller ikkje sendast inn arvemelding til Skatteetaten. Nærare opplysningar om dette finn du her.
Forsikringar
Det er ikkje uvanleg at det føreligg forsikringar som gjev utbetalingar ved eit dødsfall. Det kan vera at avdøde hadde teikna desse sjølv, eller at ektefeller/sambuarar har teikna ei forsikring på kvarandre. I tillegg har mange òg forsikringar gjennom arbeidsplassen sin, anten at arbeidsgjevar har teikna forsikring eller at det føreligg forsikringar gjennom ein fagforening. Det er viktig å undersøkja om det føreligg forsikringar som vert utløyst ved dødsfall.
I dei fleste tilfelle vil slike forsikringar verta halde utafor sjølve skiftet. Det vil seia at når ein skal leggja saman avlidne sine aktiva skal ikkje alltid forsikringar takast med. For gjenlevande ektefelle, eller den som er berettiga etter forsikringa, kan dette bety at høve til eit skifte med øvrige arvingar verta betraktelig betra. I mange tilfelle utgjer bupælen den største verdien av dei aktiva som inngår i dødsbuet. Med forsikringsutbetalingar kan difor gjenlevande ektefelle verta i stand til å utbetala øvrige arvingar og soleis ha høve til å verta sitjande med bupælen etter at skiftet er gjennomført.
Medlemskap i arbeidstakarorganisasjonar kan gje rett til økonomisk hjelp ved dødsfall. Dette kan òg gjelda medlemars familie. Undersøk difor om det kan føreligge medlemskap i ein arbeidstakarorganisasjon som kan gje økonomisk hjelp ved dødsfall.
Personlege ynskjer ved gravferd
Mange har ofte eigne ynskjer og val om korleis eins eigen begravelse skal gjennomførast. Det er høve å laga til beskrivelsar på dette i dokumentform som kan oppbevaras hjå oss på kontoret. Merk at dette ikkje er noko juridisk bindande dokument men heller ei enkel rettleiing for pårørande eller andre som måtte syta for gravferda.
Planlegging
Under her finn du informasjon om fylgjande til hjelp i planlegginga rundt ein seremoni:
- Dødsannonse: Oppsett, minneord og symbol
- Blomar: Blomekatalog og sløyfetekstar
- Salmar i gravferda
- Musikk i gravferda
- Solistar
Dødsannonsa
Den gjer kjent at ein person er død. I tillegg til navn på pårørande kan ein informera om praktisk informasjon som stad, tid og dag for gravferda. Eit minneord vert ofte nytta, vidare om det er ynskje om minnegåve som eit alternativ til blomar. Er det restriksjonar rundt gravferda vil dette også stå i annonsa.
Det er og høve til at annonsa kan stå på minnesidene våre. Her kan du lesa dødsannonsene for alle dei gravferdene me er involverte i. På minnesidene er det mogeleg å melda seg på gravferda, gje minnegåve og bestilla blomar til gravferda eller heimen. Ein kan vidare skriva ei personleg helsing eller tenna eit ljos, praktisk informasjon om gravferda vil ein og kunne finna.
- Oppsett dødsannonse
- Minneord dødsannonse
- Symbol til bruk i dei fleste aviser
- Symbol til bruk i Bergens Tidende, Aftenposten
- Velkommen | Våre Minnesider (vareminnesider.no)
Blomar
Det er vanleg med eitt sett sløyfer (á to band) frå kvar familiære forgreining som ei personleg helsing på blomane til gravferda. På kistedekorasjonar frå den næraste familie vert det ofta nytta fleire sett sløyfer på den same dekorasjonen, vanlegvis frå gjenlevande ektefelle og born m. svigerborn. Eit blomehjarte på fotenden av kista med helsing frå barneborn og/eller oldeborn er også ei populær løysing me ser mykje brukt. Eitt sett med sløyfer har vanlegvis ei helsing på den fyrste sløyfa og navn på den andre.
Salmar i gravferda
Vanleg kyrkjeliturgi nyttar som oftast fire salmar under sjølve gravferda, tre inne i seremonilokalet og éin på grava under jordpåkastinga. Ved bisetjing utgår den fjerde salmen. Forslag til mykje brukte gravferdssalmar kan du finna her, deriblant salmar nytta spesielt rundt høgtider:
Musikk i gravferda
I tillegg til salmane vert det vanlegvis spela tre musikkstykker i gravferda, preludium, musikk etter personleg del og postludium. Her kan pårørande koma med ynskje ovanfor organist. Det gjeld og om ein ynskjer at det vert spela musikk før seremonien byrjar.
Det er mest vanleg med levande musikk i gravferder, men det er høve å få avspelt digitale innslag på fastsett plassering i gravferda.
Solistar
Om ein har ynskje om ekstra musikk i gravferda finn de liste under over solistar som kan ta del.
Lenkjer
Ved dødsfall
når-en-av-våre-nærmeste-dør-.pdf (sshf.no)
(På side 37-38 i brosjyra her vil de finna fleire aktuelle lenkjer som ikkje er oppført i oversikta her)
Gravferdslova
Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassloven)
Forskrift til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplassforskriften)
Kyrkjekontor
Ullensvang kyrkjelege fellesråd > Gravferd (kyrkjer.no)
Gravsøk
gravplassivoss.no – Gravplassadministrasjon i Voss herad
Grav.no Søk etter gravlagte med navn, dato eller årstall
Oskespreiing
Arv og skifte
Dødsfall, arv og skifte | Norges domstoler
Hva må du gjøre etter et dødsfall? | Norges domstoler
Skjema for arv og skifte | Norges domstoler
Stønad til gravferd
Stønad ved gravferd og båretransport
Søknad om skattemelding og skatteoppgjer for avdøde
Om oss
Historikk, medlemskap og tilsette.
Les mer...
Kister
Me har heilt sidan dei starta opp i 1985 kjøpt våre kister «lokalt» hjå SIBI som held til på Os utanfor Bergen. Kistene har båtform ved at dei er breiare øverst enn nederst. Denne forma er ein eldgamal norsk tradisjon som kan førast over 1400 år tilbake i tid.
Våre lagerførte kister
Klassisk kvit kiste 11500,- komplett med utstyr
Klarlakkert kiste 12000,- komplett med utstyr
Enkel kvit kiste 9400,- komplett med utstyr
Eikefoliert kiste 10100,- komplett med utstyr
Svart kiste 13900,- komplett med utstyr
Eikebeisa kiste 16200,- komplett med utstyr
Rustikk kiste 20900,- med komplett utstyr
Gravminne
Me er forhandlar av gravstein frå Eide Stein AS. Sidan midten av ’70-talet har me forhandla gravsteinar, fyrst frå Ellinggard og Iversen, vidare til Råblokk Naturstein før desse fusjonerte og vart til Eide Stein AS i 2007.
Ved nye gravsteinar er me behjelpelege med å søkja om godkjenning for oppsetjing av steinen. Fellesråda rundt om har ulike reglar om kor fort det er høve til å setja opp nye steinar, me har oversikt over dette.
Her i «Gravplassforskrifta» finn ein informasjon om gravsteinar rundt kvalitet, dimensjon, sikring, tekst, godkjenning og ansvar.
Ny gravstein
Me gjev rabatt på prisen når ein kjøper gravstein gjennom oss, ta kontakt om informasjon rundt dette. Montering og frakt er inkludert i prisen på gravsteinen.
- Her finn du bilder av gravsteinar
- Spesielle gravsteinar
- Her kan du designa din eigen gravstein
- Bronseartiklar til gravsteinar
- Lykter til gravsteinar
- Vasar til gravsteinar
- Skrifttypar, innhogd skrift og bronsebokstavar
- Innhogde ornament
Eksisterande gravstein
Me er og behjelpelege med å få tilføydd navn og pussa opp eksisterande gravsteinar.
Songhefter
Vedlagt finn du eksempel på songhefter i gravferder. Ulike fortrykte framsider eller hefter kor ein nyttar eigne bilder både på framsida og eventuelt på baksida av heftet.
Prisinformasjon
Her finn de prisinformasjon rundt dødsfall og seremoni.
Les mer...
Ved dødsfall
Fyrste kontakt
Ved dødsfall kan du ringja oss på vår vakttelefon heile døgnet, òg i helger og høgtider.
Me informerer då om kva som praktisk skjer vidare med henting av avdøde og spør om det i samband med hentinga er noko ynskje om syning eller andakt.
Vidare avtalar me ein planleggingssamtale på kontoret vårt, eller i heimen om ynskjeleg, kor me informerer og går igjennom alle praktiske gjeremål rundt dødsfallet.
Dersom henting av avdøde skjer før planleggingssamtalen må ein ta stilling til kva kiste ein ynskjer.
Planleggingssamtale
Før samtalen bør dei pårørande ha tenkt igjennom dette:
- Skal det vera gravferd eller bisetjing (kremasjon)?
- Kva ordning gravferda skal vera etter, religiøs, humanistisk eller livssynsnøytral?
- I frå kva seremonilokale og på kva dag ynskjer ein at gravferda skal finna stad?
- Ved kremasjon, ynskjer ein at urna vert sett ned på gravplass eller ynskjer ein oskespreiing?
I planleggingssamtalen gjev me ei oversikt over kva offentlege instansar dødsfallet skal meldast til og kva gjeremål som skal ordnast til seremonidagen.
Ein seremoni må finna stad seinast 10 verkedagar etter dødsdato ( laurdag og sundag tel ikkje med, så i realiteten 14 dagar), så det er opp til pårørande, men ikkje naudsynt å ta alle avgjersler i planleggingssamtalen.
Vidare gjer ein avtale om kva dei pårørande ynskjer å gjera sjølve og kva dei ynskjer byrået skal vera behjelpelege med.
I samtalen vil me og informera om kva tenestene våre kostar, der du får eit skriftleg prisoverslag utfrå dei vala som er gjort.
Ved seremoni
Planlegging
Salmar i seremonien
Det vert vanlegvis brukt fire salmar i gravferda, tre inne og éin på grava. Ved bisetjing er talet tre då salmen ved grava utgår. Oversikt over dei mest brukte gravferdssalmane kan du finne her.
Musikkinnslag i seremonien
Utanom salmane vert det òg spela eigne musikkstykker i seremonien: Preludium heilt i byrjinga før fyrste salme, eitt innslag som avslutning av den personlege delen av seremonien (etter sløyfelesingar) og postludium når kista vert boren ut av seremonilokalet. Om ynskjeleg spelar organisten og på førehånd av seremonien startar (3-4 stykkjer). Alle organistane i Voss og omegn har individuelle repertoarliste dei speler etter, så det er opp til dei pårørande å bestemme om organisten vel musikkstykkjer eller om pårørande sjølve vel frå desse listene. Oversikt over forslag til ekstramusikk finn du her.
Digitale musikkinnslag
Digital avspeling av musikk i gravferd er mogleg, men merk at ein maks kan bruke to innslag av dette (som siste innslag av musikk før seremoni og etter personleg del). Avspeling er me behjelpelege med. Alle musikkinnslag skal godkjennast av organist.
Solistar
Solistar vert ofte nytta saman med organist både ved akkompagnering eller uavhengige musikalske innslag. Oversikt over lokale solistar med kontaktinfo finn du her.
Strøyming av seremoniar
I Vangskyrkja er det nyleg komme opp nytt system for strøyming av gravferder via Internett. Det er Kyrkjekontoret på Voss som står for dette, men kan avtalast gjennom oss. Dette vert ein fast kostnad kor faktura kjem direkte frå Kyrkjekontoret. Det er og mogeleg å strøyma seremoniar i andre lokaler, då med utstyr som vert montert ved dei aktuelle tilfella.
Bæring av kista
Det er vanlegvis 6 personar som ber kista, og fotenden på kista skal alltid leia an fyrst. Ofte ber den eldste etterkomaren bakerst på venstresida (hjartesida på den som ligg i kista), men det er ingen «reglar» på dette så her må ein sjølv velgja å gjera det som kjennes mest naturleg og praktisk.
Kisteteppe/Glaskatafalkar
Tradisjonelt sett vert det lagt eit såkalla kiste- eller katafalkteppe under kista i seremonilokalet. Her har me fleire alternativ i ymse fargar, alt etter kva som måtte vere ynskjeleg: det kan vere ein farge avdøde var spesielt glad i eller berre noko som står i stil med blomane på kista for å gje det heile eit fint og gjennomført heilheitsuttrykk. I tillegg til dette har me òg gjennomsiktige kistekrakkar i pleksiglass for å gje kista eit enkelt, men stilreint og moderne uttrykk.
I seremoni
Frammøte i seremonilokale
Vanlegvis møter me i byrået opp med kista i seremonilokalet halvannan time før tidspunktet gravferda er satt til, så om seremonien finn stad f.eks. klokka 12:00 vil me vere der klokka 10:30. Me oppfordrar familien til å møte opp i god tid i seremonilokalet, som regel frå ein time til tre kvarter før slik at ein får litt tid aleine med kista, då kan ein og hjelpa til med pyntinga og tenne ljos, tid til å ta bilete om ein ynskjer det.
Utdeling songhefter
Salmeheftene vert tradisjonelt sett delt ut i døra av nokon frå den næraste familien, som regel barneborn og/eller oldeborn.
Minnegåver
Minnegåver vert samla inn i seremonilokalet i kontantform, eller innbetalt enten via kontonummer eller Vipps (nummer ført opp i dødsannonsa).
Opplesing av sløyfehelsingar
Lesing av sløyfehelsingar frå andre enn den nære familie vert ofte gjort av presten, men det er ingenting i vegen for at familien sjølve kan gjere det. Blomane frå dei næraste på kista vert som oftast lese på av familien sjølve som ei avslutning av minneord.
Etter seremoni
Blomar til grav
Ved vanleg gravferd med jordfesting i Vangskyrkja, Vonheim og i Ulvik kyrkje vil byrået vera behjelplege med å dele ut kransar og bårebukettar til kyrkjelyden på slutten av seremonien då dette skal fylgja kista til grava. Familien kan òg vere med på dette dersom det viser seg å vera mykje blomar. Ved bisetjing (kremasjon) vert desse blomane enten med kista i bårebilen, eller dei vert lagt på grava som på seinare tidspunkt skal nyttast til urna.
Blomar til heimen
Bukettar, orkidear og potteplantar vert brukt til å pynte med i seremonilokalet men ikkje teke med på grava, dette fylgjer i staden med familien vidare heim eller blir evt. tatt med til minnesamværet etter gravferda.
Minnestund
Minnestund etter gravferda har det i lang tid vore tradisjon for her på Voss. Menyar med kontaktinfo frå ulike serveringsstader får du hjå oss.
Personvernerklæring
Personvernerklæring for Vinsands Gravferdsbyrå AS
Tormod Knapstad er på vegne av Vinsands Gravferdsbyrå AS ansvarleg for gravferdsbyrået si handsaming av personopplysningar.
Me lagrar fylgjande opplysningar om våre kundar (den som er ansvarleg for gravferda) og andre pårørande: Navn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer, slektskapsforhold til avdøde og e-postadresse. Me handsamar opplysningane for å kunna gjennomføra våre plikter til mellom anna offentlege etatar etter avtale med våre kundar.
For å kunna oppfylla vår plikter etter avtalen, vert naudsynte opplysningar utlevert til våre samarbeidspartar som gravferdsetaten, tingretten, NAV etc. Utover dette vil me ikkje dela, selja, overføra eller på anna måte utlevera personopplysningar til andre, med mindre me er rettsleg foplikta til det.
Grunnlaget for denne behandlinga er Lov om behandling av personopplysningar (personopplysningslova) artikkel 6a. Du kan kor tid som helst takka nei til å motta slik informasjon frå oss.
Me hansamar dine personopplysningar i medhald til Lov om behandling av personopplysningar og gjeldande forskrifter. Ein gjer merksam på at du kan krevja innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt krevja retting eller sletting av opplysningar.
Dette er en HTML-modul som trengs for å vise popup-vinduer når du klikker "Les mer". Vær så snill og slett den ikke. Det er ikke synlig på den offentlige siden.