Produkt

Kister, gravsteinar og songhefter.

Kister

Me har heilt sidan dei starta opp i 1985 kjøpt våre kister «lokalt» hjå SIBI som held til på Os utanfor Bergen. Kistene har båtform ved at dei er breiare øverst enn nederst. Denne forma er ein eldgamal norsk tradisjon som kan førast over 1400 år tilbake i tid.

Klassisk kvit kiste 12600,- komplett med utstyr

Klarlakkert kiste 13200,- komplett med utstyr

Enkel kvit kiste 10300,- komplett med utstyr

Eikefoliert kiste 11100,- komplett med utstyr

Svart kiste 15300,- komplett med utstyr

Eikebeisa kiste 17900,- komplett med utstyr

Se video om produksjonen av Sibi-kister

Gravminne

Me er forhandlar av gravstein frå Eide Stein AS. Sidan midten av ’70-talet har me forhandla gravsteinar, fyrst frå Ellinggard og Iversen, vidare til Råblokk Naturstein før desse fusjonerte og vart til Eide Stein AS i 2007. Ved nye gravsteinar er me behjelpelege med å søkja om godkjenning for oppsetjing av steinen. Fellesråda rundt om har ulike reglar om kor fort det er høve til å setja opp nye steinar, me har oversikt over dette. Her i «Gravplassforskrifta» finn ein informasjon om gravsteinar rundt kvalitet, dimensjon, sikring, tekst, godkjenning og ansvar.

Ny gravstein

Me gjev rabatt på prisen når ein kjøper gravstein gjennom oss, ta kontakt om informasjon rundt dette. Montering og frakt er inkludert i prisen på gravsteinen.

Nytt namn/oppussing gravstein

Me er og behjelpelege med å få tilføydd navn og pussa opp eksisterande gravsteinar.