Seremoni

Seremoniordningar

Tre stearinlys

Kyrkjeleg seremoni

Gangen i Kyrkjeleg seremoni

Gangen i ein kyrkjeleg seremoni vil variera noko i forskjellige kyrkjesamfunn. I store trekk ser ein kyrkjeleg seremoni slik ut:

  • Inngangsmusikk (også kalla ventemusikk)
  • Klokkeringing
  • Preludium (opningsmelodi) evt. solistinnslag
  • Salme «Til opning»
  • Minneord
  • Lesing av blomehelsingar
  • Musikk / evnt. solistinnslag
  • Skriftlesing
  • Salme «Før talen»
  • Tale ved prest
  • Bøn / velsigning
  • Salme «Etter talen»
  • Postludium
  • Klokkeringing
  • Ved gravferd vert kista bore ut under postludium. Ved grava er det fyrst salmevers, så jordpåkasting, kista vert seinka, nye salmevers og klokkeringing før prest eller pårørande takkar for frammøtet.
  • Ved bisetjing (kremasjon) skjer jordpåkastinga inne i kyrkja. Kista vert bore ut under postludium til ventande bårebil.
Human-Etisk forbund

Humanistisk seremoni

Gangen i Humanistisk seremoni

I ein humanistisk seremoni står ein relativt fritt med innhaldet i samarbeid med forrettar frå Human-Etisk Forbund. Her er eit eksempel på korleis ein humanistisk seremoni kan gjennomførast:

  • Inngangsmusikk (også kalla ventemusikk)

  • Musikkinnslag

  • Solosong / fellessong

  • Opplesing (dikt eller anna)

  • Musikkinnslag

  • Minnetale

  • Personlege helsingar

  • Musikk / solosong / fellessong

  • Musikk til utgang

  • Ved gravferd vert kista bore ut under utgangsmusikken og ført vidare til grava.

  • Ved bisetjing (kremasjon) vert kista vert bore ut under utgangsmusikken til ventande bårebil.

Hvite blomster

Personleg seremoni

Gangen i Personleg seremoni

Ein personlig seremoni er trus- og livssynsnøytral og ikkje i regi av eit trussamfunn eller ein livssynsorganisasjon.

I ein personleg seremoni vert alt innhald bestemt av familien, også kven som skal forretta under gravferda / bisetjinga. Gangen i ein personleg seremoni kan vera på same måte som ein kyrkjeleg eller humanistisk seremoni.

Prest med foldede hender

Katolsk seremoni

Gangen i Katolsk seremoni

Ei katolsk gravferd finn helst stad under ei rekviem-messe, alternativt vert det gjennomført ein enklare seremoni utan messe. Slik er gangen i rekviem-messe:

  • Kista står i kyrkja, påskeljoset (symbolet på Kristi oppstandelse) brenn
  • Inngangsvers: Requiem aeternam dona eis Domine, et lux perpetua luceat eis (Evig kvile, gje dei, Herre, og lat det varige ljos skina for dei)
  • Vers fra Davids salmar
  • Kyrie, eleison (Herre, miskunna deg)
  • Oratio/kollektbøn
  • Lesningar frå Bibelen
  • Graduale – song mellom lesningar
  • Prefasjonen – lovprisningsbøna
  • Fader vår
  • Hymne etter familiens ynskje
  • Presten les bøn og stenkjer kista med vievatn, røykelse vert tent
  • Kista vert bore ut til gregoriansk song (englane vert bedne om å føra den døde til paradiset)

Ved bisetjing kjem jordpåkasting etter presten si bøn.

Ved gravferd vert kista velsigna ved gravplassen – presten stenkjer kista med vievatn og røykelse vert tent før jordpåkasting.

Muslimsk grav på gresslette

Muslimsk seremoni

Gangen i Muslimsk seremoni

Hovudtrekk i muslimsk serermoni ved dødsfall. Vask, svøyp, bøn og gravferd.

  • På dødsstad: Vaskeseremoni – rituell og grundig vask, vert avslutta med parfymering.
  • Den døde vert svøypt i kvit bomull og lagt i kiste – rituell svøyp med føringar for kvinner og menn.
  • Eventuell syning i nøytralt kapell, i heimen, eller i moské.
  • Gravferdsseremoni med gravferdsbøn, leda av imamen eller ein av familiens menn. I moské eller livssynsåpent seremonirom.
  • Kista vert ført til gravplassen. Familie og vener bærer kista med avdøde. Gravlegging med ansiktet mot Mekka.
  • Normalt er det berre menn som føl kista heilt frem til grava.
  • Grava vert lukka så snart som mogeleg. Ofte gjer familien dette sjølve.

Planlegging av seremoni

Avispapir

Annonsering i avis, digital publisering og/eller minneside

Blomster foran gravstøtter

Grav

  • Ynskjer ein kistegrav, urnegrav eller grav i namna minnelund?

  • Skal det festast ei grav i tilknytning til grava?

  • Ynskjer ein å nytta ei tidlegare familiegrav?

  • Gravsøk

Salmar/fellessongar i seremoni

  • Velja antal salmar/fellessongar og plassering på desse utfrå kva seremoniordning som er valgt.

  • Skal alle versa nyttast eller vil ein bruka eit utval?

  • Salmeforslag
  • Salmeforslag på Spotify

Musikk i seremoni

  • Velja personlege musikkynskjer og plassering på desse utfrå kva seremoniordning som er valgt.

  • Ved kyrkjeleg seremoni skal musikkinnslag godkjennast av organist.

  • Musikkforslag for Spotify

Solistar i seremoni

  • Solistar vert ofte nytta saman med organist både ved akkompagnering eller uavhengige musikalske innslag.

  • Oversikt over lokale solistar med kontaktinfo finn du her: Solistar

Digitale musikkinnslag

  • I ei kyrkjeleg ordning er det på Voss opna for 2 digitale innslag i seremonien. Det fyrste som siste innslag i ventemusikken på førehand og det andre som avslutninga av den personlege delen av seremonien, rett etter at presten har lyst fred over minnet til avdøde.

  • Ved kyrkjeleg seremoni skal musikkinnslag godkjennast av organist.

  • I humanistiske og personlege seremoniordningar er det ope for fleire digitale innslag, både før og i seremonien.

  • Byrået er behjelpeleg med avspeling.

Hvite blomster

Blomar i seremoni

  • Kva blomar ynskjer ein frå dei næraste pårørande? Kransar eller kistedekorasjon som er det som er mest nytta med fleire sett sløyfer på same dekorasjonen (t.d. ektefelle på eine sida, born og svigerborn på den andre) Blomehjarta frå barneborn/oldeborn festa i fotenden av kista?

  • Ynskjer ein påleggsroser til å leggje på på grava eller under seremonien i forbindelse med minnetale?

  • Bilete av blomar finn du her.
  • Sløyfetekstar
Pleksiglasskrakker

Kisteteppe/krakkar

  • Ynskjer ein å nytte ein spesiell farge på kisteteppet under kista som står i stil med fargane på blomane på kista? Stoffprøvar med ulike fargar på kisteteppe kan ein få sjå på kontoret vårt.

  • Ynskjer ein heller å nytte krakkar av pleksiglas i staden for kisteteppe?

Minnesamvære

  • Dersom minnesamvære, inviterer familien sjølve til minnesamværet eller opnar ein opp for at alle er velkomne?

  • Menyar og prisar for dei mest nytta lokala i sentrumsområdet (Park Hotel Vossevangen, Kringsjå, Vangen Café) kan ein få hjå Vinsand.

Strøyming av seremoni

  • I Vangskyrkja er det høve til å strøyme seremoniar, og om ynskjeleg ta opptak samstundes. Både strøyming og USB med videofil har ein fast kostand der faktura kjem direkte frå Kyrkjekontoret.

  • I andre seremonilokale er det høve til å leiga utstyr for å strøyma seremonien.

Seremonidag

Frammøte i seremonilokalet

  • Me set kista inn i seremonilokalet 1,5 timar før seremonistart. I alle kyrkjer hjelper pårørande med å bæra kista inn. Ofte vert pårørande der etter at kista er sett inn og hjelper med å pynta, tenna ljos og evnt. ta bilder.
  • Om ikkje ein kjem fullt så tidleg bør ein seinast vera i lokalet ein liten time før seremonistart.

Utdeling av songhefter

  • Ein eller to frå familien står ved inngangsdøra og deler ut songhefter før seremonistart.
  • Ynskjer ein ved seremoni i stilla heller å leggje songhefta ut på stolane når det er kun den næraste familien?

Bærarar av kista

  • Seks bærarar når kista vert frakta ut av seremonilokale.
  • Eldste etterkommar går ofte bakerst på venstresida av kista (hjartesida til den avdøde), men det er ingen «reglar» på dette så her må ein sjølv velja å gjera det som kjennes mest naturleg og praktisk.
  • Kista i seg sjølv veg rundt 40 kg, tyngst å bæra bakerst, lettast i midten.

Opplesing av sløyfehelsingar

  • Lesing av sløyfehelsingar frå andre enn den nære familie vert ofte gjort av presten, men det er ingenting i vegen for at familien sjølve kan gjere det. Blomane frå dei næraste på kista vert som oftast lese på av familien sjølve som ei avslutning av minneord.

Minnegåver

  • Dersom det i forbindelse med seremonien er innsamling av minnegåver, set me ofte opp ein plakat med navn på gåvemottakar og Vippsnummer, innsamlingskorg og eit tent ljos. Om ynskjeleg står det bilde av avdøde der og.

Blomar til grav

  • Næraste familie som ikkje ber kista byrjar å ta med seg bårebukettar og kransar. Vinsand eller kyrkjetenarar i distrikta vil òg assistere med dette.

  • Kort som fylgjer blomane vil ein få i seremonilokalet.

  • Ved kremasjon og dersom ein har grav; ynskjer ein heller å leggja blomane der i staden for at dei vert tatt med til krematoriet og kasta der?

Blomar til minnesamvære eller heimen

  • Vasebukettar, potteplantar og orkidéar vert tatt med vidare til minnesamvære eller heim etter seremonien. Kort med namn kven blomane er frå vil fylgja blomane.

  • Ved minnesamvære i sentrumsområdet kan Vinsand vere behjelpelege med å frakta blomane til minnesamværet mens gravfylgje er på gravplassen, evt. takast med bort på kontoret vårt på Hestavangen for avhenting der.