Ved dødsfall

Fyrste kontakt

Ved dødsfall kan du ringja oss på vår vakttelefon heile døgnet, òg i helger og høgtider. Me informerer då om kva som praktisk skjer vidare med henting av avdøde og spør om det i samband med hentinga er noko ynskje om syning eller andakt.

Vidare avtalar me ein planleggingssamtale på kontoret vårt, eller i heimen om ynskjeleg, kor me informerer og går igjennom alle praktiske gjeremål rundt dødsfallet. Dersom henting av avdøde skjer før planleggings samtalen må ein ta stilling til fylgjande:

Før samtalen bør dei pårørande ha tenkt igjennom dette:

  • Kva ordning gravferda skal vera etter, religiøs, humanistisk eller livssynsnøytral?
  • Skal det vera gravferd eller bisetjing (kremasjon)? Skal seremonien vera open eller i stilla?
  • I frå kva seremonilokale og på kva dag ynskjer ein at gravferda skal finna stad? (I utgangspunktet kan ein ha gravferder frå tysdag til fredag, men enkelte stader har ein færre faste dagar.)
  • Har ein gravstad frå før eller vert det ei ny grav? Skal det vera enkel eller dobbel djupn på grava, alternativt festast ei grav ved sida av om det ikkje er høve til å grava dobbel djupn? Ei grav kan nyttast opp att når det er gått 20 år etter siste gravlegging (på enkelte gravplassar  er det krav om lenger enn 20 år), festar av grava må godkjenna bruk av grava.
  • Ved kremasjon, ynskjer ein at urna vert sett ned i eige grav, på navna minnelund om det føreligg eller ynskjer ein oskespreiing?
  • Ved dødsfall i helger kan det vera ynskjeleg at ein har laga eit utkast til dødsannonsa om ein ynskjer innrykk  i tysdagsaviser der innrykksfrist er måndag føremiddag. Oppsett på dødsannonser finn du her.
  • Blomebutikkane bestiller ofte varer til seremoniar ei veke på førehand, så for å avhjelpa dei med planlegging av innkjøp er det ynskjeleg at ein tidleg bestemmer seg for kva blomar og fargar ein ynskjer i seremonien. Bilete av blomar finn du her.
  • Kva type kiste ein ynskjer? Bilete av kister finn du her.
  • Ynskjer de at avdøde skal ha på seg eigne kle i kista?

I samtalen gjev me ei oversikt over:

  • Alle praktiske gjeremål rundt seremonien.

  • Kva offentlege instansar dødsfallet skal meldast til og kva stønader og tilskot ein kan ha krav på.

  • Ein seremoni må finna stad seinast 10 verkedagar etter dødsdato ( laurdag og sundag tel ikkje med, så i realiteten 14 dagar), så det er opp til pårørande, men ikkje naudsynt å ta alle avgjersler i planleggingssamtalen.

  • Vidare gjer ein avtale om kva dei pårørande ynskjer å gjera sjølve og kva dei ynskjer byrået skal vera behjelpelege med.

  • I samtalen vil me og informera om kva tenestene våre kostar, der du får eit skriftleg prisoverslag utfrå dei vala som er gjort. Prisane våre finn du her.